Norsk

Norsk er et av de obligatoriske fagene i allmennlærerutdanningen. Rammeplanen sier dette om faget:

Formål og eigenart

Norsk er eit danningsfag, eit estetisk fag og eit språkfag. Språket er grunnleggjande for tenking, forståing, oppleving og kommunikasjon. Det gjer norskfaget til eit sentralt fag i skolen og i lærarutdanninga. Studentane skal utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag for undervisning i norskfaget i grunnskolen, i samsvar med det gjeldande læreplanverket. Gjennom utdanninga skal dei styrkje si eiga allmenndanning og sin estetiske sans og utvikle eigen identitet i respekt for andre sin kultur og andre sine verdiar. Dei skal tileigne seg teoretisk kunnskap og praktisk erfaring i arbeid med språk og tekstar.

Studentane skal utvikle innsikt i det norskfaglege arbeidet til elevane og vere i stand til å hjelpe dei til å setje seg inn i dei faglege emna og lære av dei tekstane ein arbeider med i faget. Dei skal også tileigne seg handlings- og endringskompetanse innanfor skolefaget norsk.

Norskplan med forsterka fleirspråkleg profil

Den norske skolen er i dag fleirspråkleg. Mange elevar ha eit anna morsmål enn norsk. Dette har utvida perspektivet for norskopplæringa, og krev utvida kompetanse hos norsklæraren. Skolen har behov for norsklærarar med minoritetsspråkleg erfaring. Denne forsterka rammeplanen i norsk kan gjevast som tilbod til studentar med anna morsmål enn norsk. Dei kursiverte delane av planen gjeld som tillegg for denne studentgruppa. Planen skil seg frå vanleg norskplan ved forsterking: at studentane går djupare inn i fleirspråklege tema, og ved fordjuping: at studentane legg større vekt på munnleg og skriftleg kommunikasjon og fagspråkforståing.

I arbeid med fagplanen må den enkelte institusjonen organisere norskfaget med fleirspråkleg forsterking slik at det blir tilpassa kompetansen og behovet til den enkelte studenten. For å gi plass til dei nye emna skal det i fagplanen markerast kva emne og arbeidsoppgåver som går ut eller blir reduserte for studentar som følgjer denne varianten av norskstudiet. Studentar som følgjer denne planen vil få den same formelle kompetansen i norsk som dei som følgjer ordinær norskplan, men har bare ei skriftleg målform.

Målområde

Arbeidet med målområda skal sikre eit vekselspel mellom teoretisk kunnskap, praksiserfaring, fagleg utvikling og didaktisk refleksjon.

Fagleg og fagdidaktisk kunnskap

Studentane skal

  • kjenne sentrale tekstanalytiske omgrep og særtrekk ved ulike skjønnlitterære og sakprega sjangrar i ulike medium og vere i stand til å bruke denne kunnskapen i analyse og tolking av tekstar uttrykte i tale, skrift og bilete
  • kunne analysere og tolke eit breitt utval av tekstar i ulike sjangrar, på bokmål og nynorsk og frå andre språkområde, mellom anna frå samisk

* kunne reflektere rundt teksttolking i eit fleirkulturelt perspektiv, både i lærerutdanninga og som lærar i fleirkulturelle elevgrupper

  • ha innsikt i korleis språket er bygt opp, korleis språket varierer, og korleis det blir brukt i ulike situasjonar, m.a. i fleirspråklege miljø og kunne bruke slik innsikt i analyse av språk og språkbruk

* ha kjennskap til den norske språksituasjonen med særleg vekt på rettar knytt til minoritetsspråklege grupper og enkeltpersonar

  • vere stø i å bruke norsk munnleg og skriftleg i begge målformer (gjeld ikkje studentar med fritak) og kunne skape gode, samanhengande framstillingar i varierte munnlege og skriftlege kommunikasjonssituasjonar
  • kunne drøfte mål, innhald og ulike tilnærmingsmåtar i norskopplæringa, også for elevar frå språklege minoritetar, og kjenne den historiske utviklinga av norskfaget, norsk som andrespråk og morsmålsfaget for elevar frå språklege minoritetar
  • kjenne til teoriar om det å vere fleirspråkleg og kunne sjå norsk i eit samanliknande perspektiv
  • ha kunnskap om forholdet mellom tale og skrift og om munnleg og skriftleg språkutvikling og kunne bruke denne kunnskapen i analyse mellom anna av elevtekstar også i eit tospråkleg perspektiv
  • ha innsikt i teoriar om lese- og skriveprosessen også for elevar som har eit anna morsmål enn norsk

Å vere lærar i norsk

Studentane skal

  • kunne arbeide med norsk som opplæringsspråk og fagspråk i fleirspråklege elevgrupper
  • kunne stimulere leselyst på ulike alderssteg, med tanke på kjønn, interesser og kulturell bakgrunn
  • kunne leggje til rette for at elevar utviklar gode lese- og skrivestrategiar og utforskar språk og tekstar i ulike medium og stimulere til allsidig bruk av munnleg språk og til utvikling av lese- og skriveglede
  • kunne arbeide systematisk med varierte opplæringsstrategiar innan førebuande, grunnleggjande og vidareutviklande lese- og skriveopplæring, kjenne til korleis ein kan førebyggje lese- og skrivevanskar, og korleis ein kan hjelpe dei som treng ekstra støtte
  • kunne ta i bruk IKT og ulike typar læremiddel i norskfaget
  • kunne tilpasse norskopplæringa til elevar med ulike behov, mellom anna elevar som er tospråklege eller har norsk som andrespråk
  • kunne analysere og vurdere verdien av ulike prøveformer, deriblant kartleggingsprøver, også i forhold til elevar som ha eit anna morsmål enn norsk

Samhandling og refleksjon

Studentane skal

  • kunne kommunisere trygt munnleg og skriftleg i møte med elevar og foreldre/føresette og andre som har ansvar for barns oppvekst
  • kunne reflektere over og gjere greie for norskfaget som estetisk fag og språkfag og eit fag for identitetsdanning og kulturell tilhøyrsle i eit fleirkulturelt Norge
  • kunne samarbeide med kolleger og andre om utvikling av rettleiings- og vurderingsmåtar
  • kunne leggje til rette for samarbeid om varierte norskfaglege mål i tverrfaglege og fleirfaglege tema- og prosjektarbeid og i kunstnarlege framstillingar

Vurdering i norsk

Språksituasjonen i Noreg føreset at lærarar kan bruke begge dei norske målformene. Studentane skal prøvast i skriftleg bokmål og nynorsk.

Institusjonen kan gi fritak frå prøving i ei av målformene i norsk for studentar som har samisk, kvensk, norsk teiknspråk eller eit anna minoritetsspråk som morsmål og som ikkje har vurdering i begge dei norske målformene frå vidaregåande opplæring. Det same gjeld for utanlandske studentar som ikkje har vidaregåande opplæring frå Noreg. Fritaket skal førast på vitnemålet.

Unless otherwise stated, the content of this page is licensed under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License